Bergmabufferen

På anleggsplassar langs vegen er maskiner, konstruksjonar under arbeid og innsnevringar av køyrebanen faremoment for trafikantane.

Uoppmerksame sjåførar i stor fart er og ein fare for alle som arbeider på byggeplassane.

Bruk av Bergmabufferen framfor farlege punkt er den enklaste og billegaste måten til å redusere denne risikoen på, og fører til ein tryggare og meir effektiv arbeidsplass.

Bergmabufferen er utvikla gjennom mange år, og har gått gjennom eit omfattande testprogram i samarbeid med Vegverkets Tekniska Institutt og Volvo Safety Center i Sverige.

Kollisjonstestane vart gjennomført i 100 km/h med bil som hadde eigenvekt på 2000 kg. Vår buffer er i dag det einaste produktet i sitt slag som er godkjendt til bruk på vegar i Sverige og Noreg.

Data; Breidde ca. 300 cm - Høgde ca. 100 cm - Vekt ca 800 kg.

Den vert levert ferdig montert med løftestroppar, og er lakkert med fargar som gjer den lett synleg på avstand. Bufferen er patentert.